Klokka 10.03 onsdag føremiddag ringte det i ein telefonkiosk på Majorstua i Oslo. Det var Norsk Tipping som var på tråden, men det var ingen som tok telefonen og Oslo-borgarane gjekk glipp av èin million kroner.

Norsk Tipping skal ringe alle dei verna raude telefonkioskane i landet, i ei tilfeldig uttrekt rekkefylgje. Den som tek telefonen vil vinne èin million kroner.

Er du der når det ringer i kiosken i Lom?