Gamelbanken, eller kyrkjelydshuset, er annonsert som eit kombinert næringsbygg og bustadhus. Huset har to leilegheiter, stor forsamlingssal og andre rom.

«Eigedomen har behov for noko modernisering innvendig. Utvendig godt vedlikehalde». heiter det i annonsa på finn.no.

Prislappen? 1,4 millionar kroner.

Ein får med nær 2,5 mål festetomt på kjøpet.