Fylkesordførarkandidat Even Aleksander Hagen og fylkesvaraordførarkandidat Anne-Marte Kolbjørnshus har lagt bak seg litt av ein turnè. Dei har nemleg besøkt 26 kommunar på tre dagar.

– Trass i at det blir raske besøk, er det viktig for oss å møte listetoppane i kvar enkelt kommune. Vi har fått mange innspel på alt frå trafikktryggleik og fylkesvegar til næringsutvikling og vidaregåande opplæring, fortalde Even Aleksander Hagen.

I Lom vart dei mottekne med opne armar og invitert på kaffi og biteti på Lom bakeri.

– Vi blir her cirka ein halvtime. Deretter tek vi turen til Skjåk, før vi avrundar dagen med å besøkje Vågå, opplyste dei to fylkespolitikarane.

Anne Lise Marstein, ordførarkandidat i Lom Ap, nytta høvet til å syne fram og fortelje om innhaldet i det heilt ferske valprogrammet.

– For å lykkast i å få gjennomslag i viktige saker, er det viktig å samhandle godt med fylkespartiet, sa Marstein.

Listekandidat i Lom Ap, Norvald Hellekveen, i hyggeleg prat med fylkesordførarkandidat Even Aleksander Hagen. Foto: VIGDIS KROKEN