Landsfestivalen i gamaldansmusikk skal gå føre seg i Lom frå 5. til 9. august. Tidleg på sommaren i fjor var absolutt alt av hotellrom, hytter og campingplassar fylt opp av deltakarar og publikum. Korleis kunne det vera mogleg å få plassert resten?

Det er Erling Bjørn Fossen som har ansvaret for overnatting og innkvartering under landsfestivalen. Han fortel om god respons frå bygdafolket. Fleire har opna dørene for privat innkvartering.

– I tillegg skal fleire lag overnatte i klasseromma ved byggfagavdelinga på den vidaregåande skulen. På jordet mellom kyrkja og ungdomsskulen er det plass til 100 campingeiningar. I hagen til soknepresten, det vil seie ved gangvegen opp mot undergangen, er det plass til 20 einingar. I Grov har vi tilgang til alt areal med unnatak av kunstgrasbana. I Grov har vi plass til 150 einingar, pluss ei «avdeling» med teltplassar på det vesle feltet sør for kunstgrasbana, mot elva. Eg føler vi har god kontroll. Det store spørsmålet er om det kjem mange som ikkje har ringt og tinga seg plass, for da har vi ei utfordring. Det vil seie, vi har eit par reserveplanar, men det får vi heller kome attende til, seier Erling Bjørn. Han vedgår at han er litt engsteleg for at det skal bli kaos dersom det kjem mange som ikkje har varsla at dei kjem, men han forsikrar at dei er så godt førebudde som det går an.

Det er venta rekordmange deltakarar til årets landsfestival. Tysdag kveld hadde det meldt seg 892 deltakarar. Det er om lag dobbelt så mange som i fjor, da landsfestivalen vart arrangert i Steinkjer.

Mykje skal på plass og mykje må ordnast. Den 29. juli kjem det åtte trailarar med utstyr. Da tek rigginga til. Eit digert mattelt skal opp rett nedanfor Utgard. Bord og benkar skal plasserast både inne i teltet og i området rundt, golv skal monterast i hallen, eit digert gjerde skal setjast på plass rundt fleirbrukshuset. Einingane der folk skal bu, skal teiknast inn og skilt skal opp. Skilt, ja. Arrangørane har ikkje planar om å teikne enkle plakatar og la det bli med det…

– Rolf Morten Hosarøygard har laga svært fine treskilt. For at det skal bli enkelt å orientere seg og finne fram, lagar vi «vegar» både i festivalområdet og der folk skal bu. Desse vegane får namn etter gode, gamle lokale spelemenn- og kvinner. Det ser vi på som ein måte å heidre dei på, fortel Erling Bjørn Fossen.

Nrk vil spele ei aktiv rolle under Landsfestivalen i Lom. Dei har meldt at dei vil direktesende alle finalane på Nrk Nett-tv. Vidare skal dei ta opp festivalmessa i Lomskyrkja sundag, ei messe som vil bli sendt på landsdekkjande radio ei veke etterpå. I denne messa skal det vera med fleire lokale aktørar, blant anna Lom spelemannslag.

Rolf Morten Hosarøygard har laga vegskilt som ærar gode, gamle spelemenn- og kvinner. Foto: Privat