Det eine landkaret på Dumma bru er undergrave av vårflaumen. Dette gjer at Statens vegvesen vel å setje opp ei førebels bru.

Arbeidet tok til måndag 13. juli og vil ta om lag ei veke. Trafikken vil gå som normalt på fylkesvegen medan arbeidet pågår.

Uavhengig av dei skadane Dumma bru er påført i år, har det vore planlagt å byggje ny, permanent bru på staden i 2016.

– Det som har skjedd nå, endrar ikkje desse planane på noko vis, melder Ole Egil Hagen, fungerande seksjonssjef i Statens vegvesen.