Klokka 04.00 laurdag morgon går startskotet for Oppland Xtreme Triathlon. Årets triathlon er eit testrace med 27 deltakarar på startstreken.

Oppland Xtreme Triathlon startar med 3,8 kilometer symjing i Randsfjorden. Fortset med 200 kilometer sykling frå Hov i Land, over Valdresflye via Randsverk og ned til Faukstad i Heidal. Racet blir avslutta med 42 kilometer maratonløp via Otta, opp Uldalen og inn i Rondane nasjonalpark med mål på Rondvassbu turisthytte.

Starten ligg på 135 meter over havet, det høgaste punktet over Valdresflye er 1.389 meter over havet. Frå Otta og opp til mål ved Rondvassbu ventar nye tusen høgdemeter.

Kjell-Petter Ellingsbø som er busett på Vang på Hedmarken, byrja med triathlon for to år sidan.

– Det er ein motivasjon å koma til heimlege traktar, seier Kjell-Petter Ellingsbø. Han seier at det handlar om å ete, drikke og ha friske tankar for å gjennomføre triathlonen.

– Eg slit med eit vondt kne, men det er om å gjere å halde moderat tempo slik at ein ikkje blir stiv, seier han. Kjell-Petter reknar med å bruke cirka 14 timar. 1,5 time på symjing, 6-7 timar på sykkel og 5-6 timar med løp.

Laurdag er det marknad i Randsverk og Kjell-Petter og dei andre deltakarane håpar på oppmuntrande heia-rop når dei kjem syklande og svingar ned mot Heidal.

– Eg reknar med at dei fyrste passerer Randsverk frå 11-tida laurdag, seier Kjell-Petter Ellingsbø, som har startnummer 14.