– Vi er utruleg tilfredse! Vi gler oss stort til å ta i mot både deltakarar og publikummarar, seier Siw Irene Bruøygard, leiar i Lom spel- og dansarlag.

Landsfestivalen startar onsdag 5. august med ein stor opningsfest i Utgard. Der blir det lokal musikk, stuttreist mat, taler og sjølvsagt: Ei høgtideleg opning av festivalen. Det er stortingspresident Olemic Thommesen som får æra av å erklære Landsfestivalen i gamaldansmusikk 2015 for offisielt opna.

Frå torsdag morgon vil det gå slag i slag med tevlingar i spel og dans fram til laurdag kveld. Sundag blir festivalen avslutta med ein stor meisterkonsert. I denne vil alle dei ferske noregsmeistrane delta, og ein får endeleg vite kven som gjekk heilt til topps i dei ulike klassene.