Tysdag kveld og onsdag stod UP oppstilt langs riksveg 15 i Bismo.

Det vart skrive ut 13 forenkla førelegg. Elleve for fart og to for bruk av handhalde mobiltelefon.

Høgste hastigheit i 50-sona var 65 kilometer i timen, noko som kvalifiserte til 2.900 kroner i bot.

I tillegg vart det gjeve seks gebyr for manglande bruk av bilbelte. Ei påminning om å bruke bilbelte kosta 1.500 kroner. Bruk av handhalde mobiltelefon under køyring loppar lommeboka for 1.300 kroner.

Av dei som vart vinka inn av UP, var også utanlandske bubilar blant desse, der feriebudsjettet fekk ein reduksjon som eit bidrag til den norske statskassa.

UP hadde også kontroller på Otta. Totalt sett vart det gjeve 48 skriftlege reaksjonar i løpet av tre dagar.