45 personar som representerte 12.478 aksjar, stilte i generalforsamlinga i Gudbrandsdal Lufthavn i Vågå fredag.

Ordførar Dag Erik Pryhn i Sel kommune har fremma forslag om å avvikle selskapet. Eit forslag Dovre kommunestyre har stilt seg bak.

Under avstemminga under generalforsamlinga var det berre Dag Erik Pryhn og Dovreordførar Bengt Fasteraune som stemte for å avvikle forslaget, saman med ein B-aksjonær.

Ordførarane Iselin Jonassen i Vågå, Bjarne Eiolf Holø i Lom, Rolv Kristen Øygard i Skjåk og Steinar Tronhus i Lesja stemte mot å avvikle selskapet, men vil endre formål og namn på selskapet.

Næringslivet i Nord-Gudbrandsdalen har den siste tida stått på for å hindre ei avvikling av selskapet, noko Trygve Groven i næringsforeininga var svært nøgd med at dei har lukkast med.

Dermed består selskapet Gudbrandsdal lufthavn AS. Det må til eit ekstraordinært årsmøte for å endre namn og formålsparagraf på selskapet. Det er forslag på namnet Nord-Gudbrandsdal Samferdselsselskap.

Erland Løkken vart attvald som styreleiar. Med seg i styret har han Ole Aasaaren, Kjell Madsen, Harald Brimi og Olav Melhus.

Harald Brimi, Ole Aasaaren, Erland Løkken, Olav Melhus og Kjell Madsen. Foto: Arve Danielsen