Fjuken får opplyst at politiet denne gongen hadde såpass sterke spor at dei kunne pågripe ein person. Vedkomande har i avhøyr vedgått å ha stole tablettane, men nektar kjennskap til same type medisintjuveri som skjedde i august i fjor.

– Vi har heller ingen grunn til å setja denne saka i samanheng med saka frå i fjor, opplyser politiet.

Fjuken er kjend med at det ikkje er noko som tyder på at det er økonomiske motiv som ligg bak tjuveriet.

Fjuken veit at tilsette på Skjåkheimen nyleg vart informert om det som har hendt.

Rådmannen i Skjåk, Svein Holen, seier til Fjuken at kommunen har gode rutinar når det gjeld handtering av medisinar, også narkotiske preparat.

– Dette er også årsaka til at det aktuelle tjuveriet vart oppdaga raskt. Avviket stadfestar likevel at det er ei utfordring å ha heilt vasstette system - det vil seia at tjuveri ikkje kan skje - i ei teneste som må baserast på grunnleggjande tillit til medarbeidarane.

Politiet opplyser at etterforskinga, i hovudtrekk, er ferdig.