Det tradisjonsrike turrennet blir arrangert for 44. gong.

I konkurranseklassen skal ein gå 26 kilometer, men det er fullt mogleg å vera med som «vanleg trimmar». I så tilfelle går ein Lemonsjøen rundt, på i alt 14 kilometer.

Arrangøren av turrennet, Sjårdalen idrettslag og Vågå idrettslag, har i år supplert rennet med eit eige barneskirenn – i håp om å auke rekrutteringa. Dette skirennet går ei eiga runde på cirka 700 meter ved Lemonsjøen fjellstue. Her kan ungane gå så mange runder dei vil, utan tidtaking.