- Vi fortsett med vår politikk. Det er ikkje meir dramatisk enn det, seier Geir Inge Stadeløkken, leiar i Vågå arbeidarparti etter at årsmøtet i partiet torsdag kveld vedtok å avslutte den valtekniske samarbeidsavtalen med Bygdalista.

Stadeløkken understrekar at dette ikkje påverkar den politiske samansetjinga i kommunen, der Iselin Jonassen frå arbeidarpartiet fortset som ordførar og Svein Blankenborg frå Bygdalista fortset som varaordførar.

Det var etter kommunevalet at Vågå arbeidarparti og Bygdalista inngjekk i valteknisk samarbeidsavtale. Vågå Ap gjorde under valet i 2015 eit historisk dårleg val der partiet gjekk ned med 20,1 prosent. Vågå senterparti gjorde eit historisk godt val med ein framgang frå førre val på 23,5 prosent. Bygdalista hadde ein ubetydeleg nedgang.

Etter valet i 2015 fekk Ap sju representantar i kommunestyret, Sp seks representantar, Bygdalista tre og SV ein representant.

Som bakgrunn for at  Vågå Ap seier opp avtalen med Bygdalista, seier Stadeløkken at samarbeidet var meint for å ha felles møte for å bli samde om ein del ting. Han seier at arbeidarpartiet fleire gonger  har opplevd at Bygdalista ikkje tek omsyn til dei om å behandle saker etter Ap sin partistruktur, men at det blir forventa at Ap sine representantar skal ta avgjerd på stutt varsel, uten å få moglegheit til å forankre dette i organisasjonen.

- Dette er ein arbeidsmetodikk som vi ikkje lenger kan vere med på, seier Stadeløkken.

Han seier at det i praksis ikkje har vore stor usemje mellom arbeidarpartiet og Bygdalista, men at ein såg noko av dette i siste kommunestyremøte. I saka om omklassifisering av vegar og vegfond, hadde arbeidarpartiet i følgje Stadeløkken håpa på lengre tid til å behandle saka.

- Bygdalista trumpa gjennom saka, og vi kom i mindretal. Nok er nok. Det har vore mykje att og fram som har skapa frustrasjon i arbeidarpartiet,  seier Stadeløkken.

Bygdalista er skuffa over brotet med Vågå arbeidarparti.

- Eg må berre beklage. Eg har ikkje oppfatta at dette var så vanskeleg, seier Ivar Valdvik, leiar i Bygdalista for tverrpolitisk samarbeid.

Valdvik seier at han føler at samarbeidet mellom dei to partia har fungert rimeleg bra.

- Arbeidarpartiet slit nasjonalt og lokalt mange plassar. Det spørst om det ligg føringar til grunn som vi ikkje er klar over. Men det blir rein spekulasjon, seier Valdvik.

Leiaren av Bygdalista seier at det blir eit større demokrati i kommunestyret når eitt parti ikkje har reint fleirtal, der ein  må drøfte alle saker.

- Det er mange viktige saker framover. Vi skal jobbe vidare frå sak til sak på ein konstruktiv måte, seier Ivar Valdvik.

Bygdalista skal i helga ha eit møte der brotet på samarbeidsavtalen blir tema.

- Vi fortsett med vår politikk. Det er ikkje meir dramtisk enn det, seier leiar Geir Inge Stadeløkken i Vågå Ap. Foto: Arve Danielsen/arkvi