Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at vi i løpet av siste året har vorte færre innbyggjarar i Ottadalen.

Frå 1. januar 2017 til 1. januar 2018 gjekk folketalet i Ottadalen ned med 54. I heile Nord-Gudbrandsdalen vart vi 141 færre innbyggjarar.

Alle kommunane i regionen går i minus. Vågå er den kommunen som går ned minst, med minus 2. Størst nedgang er det i Sel med minus 44, medan Lom og Dovre har størst prosentvis nedgang med 1,2 prosent kvar.

Kommunevis fordeling:

Vågå:  3.640 innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 2 til 3.638 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 0,1 prosent.

Lom: 2.360  innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 29 til 2.331 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 1,2 prosent.

Skjåk: 2.202 innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 23 til 2.179 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 1,0  prosent.

Lesja: 2.048 innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 10 til 2.038 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 0,5 prosent.

Dovre: 2.675 innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 33 til 2.642 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 1,2 prosent.

Sel: 5.916 innbyggjarar ved nyttår 2017, minus 44 til 5.872 innbyggjarar ved  nyttår 2018, minus 0,7 prosent.

Siste kvartal 2017 gjekk Vågå i pluss med 4 og Lesja med 1.

- Vågå ligg godt an når det gjeld tilflytting. Vi har fokusert på tilflytting, og med «Våg å leve»-sida  har vi gjort oss synlege for potensielle småbarnsfamiliar, seier ordførar Iselin Jonassen.

Ho seier seg nøgd med at Vågå ikkje går ned med fleire enn to.

Dersom ein ser regionen under eitt, er det tung lesnad for Jonassen som regionrådsleiar.

- Prognosane seier at vi vil ha folketalsnedgang. Regionrådet har ein strategi for å stabilisere folketalet der vi har fokus på tilflytting, seier Jonassen.

Ho nemner spesielt prosjektet «200 ledige hus», der det nå er tilsett ny prosjektleiar.

- Vi må sjå på Nord-Gudbrandsdalen som ein felles bu- og arbeidsregioen. Vi må vere framoverlente og våge og satse enda tyngre på næringsutvikling for å skape fleire arbeidsplassar i regionen. Folk må ha arbeid og husrom om dei reelt sett skal kunne velje å bu i vår region, seier regionrådsleiaren

- Vi må våge og satse enda tyngre på næringsutvikling for å skape fleire arbeidsplassar i regionen, seier regionrådsleiar Iselin Jonassen. Foto: Arve Danielsen