- Det er artig å bli sett pris på, seier Tor Andvord og Elisabeth Braaten Resseth.

Paret har over lang tid bygd opp fleire bedrifter i Vågåmo sentrum.

Tor som opphavleg er frå Beitostølen og Elisabeth som er fødd og oppvaksen på Lalm, er eit par som kom til Vågå i 2000, der Tor starta opp på Vågå hotel der han fekk Ridderspranget pub opp og gå att.

Etter eitt par år i Trondheim flytta dei attende til bygda i 2006. Året etter, i 2007, starta Tor opp Eventlink. Dette er eit selskap som driv med arrangement både lokalt og nasjonalt. I tillegg til Tor og Elisabeth, er Kristiane Skjedsvold Hermansen i dag med på eigarsida.

- Kristiane er delaktig i prisen. Ho er den fyrste vi vil dele prisen med, seier Tor Andvord.

Etter eitt par år i Sogndal, tok dei i 2011 over kafeen midt i Mo'om. Bokhandel’n kafè har vorte ein samlingsplass og spisestad i sentrum.

I 2013 tok paret over Vågå Bowling i kjellaren på Vågå handelshus. Staden som har fått namnet Klubben, har vorte pussa opp for store verdiar og framstår som eit populært tilbod. Kjeda Pizzabakeren har dei også etablert her.

Tor Andvord og Elisabeth Braaten Resseth har bidrege med å starte fleire ulike arrangement i bygda.

I 2016 starta dei opp Rein Rock saman med Bessheim, Maurvangen og Gjendesheim. Dette er eit arrangement som går inn under Jotunheimen Reinsdyrfestival i Sjodalen.

Same året vart Vågå Landhandleri etablert i Vågå handelshus. Tor var også med å starte Kulturcompaniet som også starta Traktorrock.

Sommaren 2017 starta Eventlink kafè i Ullinsvin i samarbeid med Vågå kommune. Munchvandringar og konsertar skapa aktivitet i den gamle prestegarden.

- Til sommaren vil vi gjere meir ut av det i Ullinsvin, og få til fleire aktivitetar i sentrum, seier Tor.

Elles starta Tor opp med Vågåkøppen, ein romjulscup i fotball som hadde sitt 15-årsjubileum i 2017.

Gjennom bedriftene sine har Tor Andvord og Elisabeth Braaten Resseth skapa ein av dei største private arbeidsplassane i bygda. Dei sysselset kring 30 personar frå 15 til over 60 år, cirka 15 årsverk.

- Kva med nye planar framover?- Vi har nokre idear, men vi får sjå, seier Tor med eit lurt glimt i augo.- Det er han som har ideane, som er hjernen bak alt, seier Elisabeth om mannen.- Ein må vere fleire for å få til noko, seier han.

Det er formannskapet som har vedteke tildelinga av næringsprisen.

Næringsprisen for Vågå kommune blir utdelt under Traktorrock den 18. august.