Seint laurdag kveld fekk politiet melding om ein bil som køyrde rundt i Vågåmo sentrum og sladda.

- Det var ein ung lokal kar som var ute og lufta bilen sin, seier operasjonsleiar Bård Einar Hoft i Innlandet politidistrikt.

Sladdinga førte til at bilen kolliderte med ein parkert bil ved bilkontoret.

Politipatruljen i Ottadalen fekk spora opp både bil og førar, og vedkommande vart fråteke førarkortet. Bilføraren tilstod køyringa og samtykka til beslag av førarkortet.

Elles kan operasjonsleiaren i politidistriktet melde om eit roleg døgn i Ottadalen for politiet.