Kristioffer Holø har i mange år brukt traktor med sporleggjar for å køyre skispor på Vøyllom i Vågåmo.

Dette er eit populært tiltak for folk som bur i sentrum og som gjer at folk slepp å bruke bil for å koma seg ut på ski.

Mykje snø denne vinteren har gjort det vanskeleg for Kristoffer Holø å køyre opp skispor da traktoren bryt gjennom.

Øystein Formo i Vågåfjell turløyper vart kontakta av Steinar Aasgaard med spørsmål om han visste om snøskuter eller anna utstyr dei kunne låne for å køyre skispor.

Resultatet vart at Formo og Vågåfjell turløyper onsdag kveld stilte med løypemaskin for å køyre opp nye skispor på Vøyllom.

- Artig å hjelpe til, sa Øystein Formo.

Kai Ove Gården i Ottadalen Anlegg AS vart med på dugnaden i form av transport av løypemaskina frå Lemonsjøen og ned til Vågåmo.

Tor Ivar Furuset stilte som sjåfør på løypemaskina, med Kristoffer Holø som kjentmann. I løpet av eitt par rundar i den fem kilometer lange traseen, vart det flotte spor som vil lokke vagværane ut på ski.

Kristoffer Holø var takknemleg for hjelpa han fekk med å køyre opp skispor denne kvelden. Turane med løypemaskin gjev eit hardt grunnlag slik at traktoren til Holø vil gå oppå neste gong det blir behov for å køyre opp skispor.

Bjørg Aaseng Vole og Kjetil Aarstrand var to av fleire skiløparar som denne kvelden møtte løypemaskinen på si kveldsrunde på ski og som set stor pris på skiløypa i nærområdet.

Men dugnadsgjengen var ikkje ferdige for kvelden da dei var ferdige på Vøyllom.

For at elevane på Vågåmo skule skal få stuttare veg til skiløypene, vart det også køyrt opp skispor på jordet hjå Kjetil Villa på Brumoen.