Triveleg DNT-feiring

DNT Gudbrandsdalen fyller 10 år i år. Feiringa la dei til Lom laurdag.

God stemning: Det var god stemning framfor Norsk fjellsenter da Fjuken stakk innom feiringa laurdag. Frå venstre: Magnar Brattlien, Therese Heramb, Helle Hovden, Ranveig Stee og Nils Arne Haugen. Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Mellom 30 og 40 personar deltok i feiringa. Somme gjekk tur, andre steikte seg pinnebrød, tok traversen over Bøvra eller høyrde på Bjørg Lund og Mai Bakken som heldt foredrag om turane til Nepal og Argentina.

– Alt i alt ein fin dag og ei triveleg feiring, oppsummerer DNT-representantane.