Sommarvekene er dei viktigaste i året for Coop-butikken i Bøverdalen. Foto: Tom Erik Solstad

– Kronekursen gjer at fleire nordmenn enn tidlegare legg ferien i eige heimland, i tillegg til at mange turistar kjem. Dette gjer at vi forventar godt sal i sommar, seier butikksjef på Coop Marked Bøverdalen, Bente Eggen.

Ho har jobba på butikken sidan 1979.

Berre juliomsetnaden aleine utgjer rundt 18 prosent av årsomsetnaden til matvarebutikken på Galdesand i Bøverdalen. Perioden frå mai til august utgjorde 35 prosent av årsomsetnaden i 2016, og butikken er avhengig av eit godt sommarsal.

– Hadde det ikkje vore for sommaren, så hadde nok ikkje dette gått, meiner butikksjefen.

Ho fortel at Coop Marked Bøverdalen førre veke hadde 22,6 prosent auke i omsetnaden, samanlikna med same veke i fjor.

– Vi er eigd av kundane våre og har mange lojale, faste kundar. Samstundes er vi som resten av det lokale næringslivet heilt avhengig av sommarsesongen. Vi sel tre gongar så mykje på ein månad om sommaren enn vi gjer på ein månad om vinteren, seier Bente Eggen.

Coop Marked Bøverdalen er ein del av Coop Ottadalen, og dagleg leiar Rune Fossmo fortel at det så langt har vore ein enorm sommar omsetnadsmessig.

– Førre veke var faktisk den beste veka i Coop Ottadalen si historie. Fleire av butikkane hadde mellom 20 og 30 prosent auke i omsetnaden samanlikna med fjoråret, fortel Fossmo.

Han har ikkje tala framfor seg når vi pratar med han, men fortel at det ligg an til å bli ein knallgod sommar for alle butikkane i Coop Ottadalen.