Thommessen skal stå for den offisielle opninga av «nystabburet».

Det er fire unge gründerar, Ingunn Lyngved, Dan-Robin Leirvåg, Trine Turtum og Tina Brimi som står bak nysatsinga. Dei rettar ein takk til huseigar Magnar Mundhjeld for tilretteleggjinga.

I ei pressemelding fortel stortingspresident Thommessen at han gler seg til lomsbesøket.

– Eg ser det som særleg viktig å delta på denne opninga, sidan det er unge og engasjert folk som står bak ei satsing som vil vera eit  supplement til det som finst i regionen frå før, seier Thommessen.

Målet med Nye Brimibue er å skapa ei plattform for gastronomisk gründerskap i regionen. Alt dette med utgangspunkt i Arne Brimi sin matfilosofi, kunnskap og nettverk.

– Vi vil by på måltid med heilskap, kvalitet og inspirasjon, både i sesong og lågsesong, seier Tina Brimi, som også lovar at Nye Brimibue skal vere særmerkt med god service og miljøvenleg drift.

Det nye bygget som har reist seg i Bergomsgarden, Lom sentrum, vekkjer engasjement utover Lom sine grenser.

Utforminga på tilbygget til Murgarden vekkjer merksemd. Foto: Illustrasjon