Hunden Giro vart skremt av fyrverkeri om ettermiddagen nyttårseftan, og forsvann frå byggefeltet i Bismo.

Det har vore eit enormt engasjement rundt Giro, og fleire titals personar har vore med og leita både på dag- og kveldstid.

Sundag efta vart hunden funnen oppunder Bispberget. Han sat på ei fjellhylle, og dei som fann han måtte lokke han ned til seg for det var uråd for folk å ta seg fram til hunden. Giro «sklei» seg ned til finnarane.

Så langt tyder alt på at Giro har klart seg fint, men han skal sjekkast av veterinær.

– Tusen takk til alle som har engasjert seg og vore med på leitinga, de er gull verd, seier tidlegare eigar Silje Skjedsvoll i ein Facebook-status.