Roboten går på skulen

Robot hjelper Emma med skulekvardagen.

Fint Både Emma og mamma Heidi tykkjer det er fint å kunne fylgje undervisninga frå heime.Foto: Arve Danielsen

New Articles

ARVE DANIELSEN

HANS ERIK KJOSBAKKEN

Siste skuledag før sommarferien vart Emma Randen Bergdølmo (10) alvorleg sjuk. Eit svekka immunforsvar gjorde at ho ikkje kunne byrje på skulen i haust. Før haustferien fekk ho hjelp av roboten AV1 frå firmaet No Isolation. Emma er den fyrste i vårt distrikt som har teke denne teknologien i bruk.

Heime fylgjer Emma undervisinga i femte klasse på Loar skule frå skjermen på mobiltelefonen, via roboten som står på plassen hennar i klasserommet.

Med fingeren kan Emma styre roboten i klasserommet med ein app. Ho kan rotere roboten sidelengs, og opp og ned. Trykker ho på eit ikon på skjermen, vil «augene» på roboten blinke; eit teikn på at Emma rettar opp handa.

– Roboten gjer at Emma fekk ein ny kvardag. Både skulen og alle foreldra var positive til dette, og det gjer at Emma kan fylgje undervisninga. Det var nytt for lærarane og elevane også, å plutseleg ha ein robot i klassa, seier mor Heidi Randen.

Emma tykkjer det er stas å prate med klassekameratane via roboten i friminutta. Ofte blir roboten også teken med ut i friminutta, slik at Emma kan følgje med på kva som skjer i skulegarden.

Sjølv om det er artigt med eit slikt hjelpemiddel, gler Emma seg til å byrja på skulen på ordentleg att.

Etter nyttår blir roboten erstatta med den verkelege Emma. Det er det nok ingen som blir leie seg for.

Sjå reportasje i Fjuken torsdag.

Ute Emma kan vera med venene ute i friminutta. Her er det Karima Lund Aouina som spring med «Emma», saman med Sunniva Hosarøygard og Helle Johannesen Mork.Foto: Hans Erik Kjosbakken