Ved slike høve vankar det sjølvsagt brev frå Kong Harald med dei beste ynskje for dagen.

Ordførar Elias Sperstad hadde teke på seg finstasen og kom med blomehelsing frå kommunen. På kortet var det eit dikt av Almas bror, Jan-Magnus Bruheim.

Sperstad kunne fortelja at det er 43 år sidan sist det vart feira ein hundreåring i bygda. Før det må ein attende til 1951 for å finne ein med tilsvarande alder.

Alma Høgvoll er klår som berre det, men litt tunghøyrt og får noko hjelp av ein rullator når ho går.

– Eg har vore heldig og fått vore frisk, seier ho.

Dagen blir fyrst feira på Skjåkheimen, før dei næraste tek henne med til heimen i Lundagrende.

Laurdag var 120 samla på Moar grendahus til stort gjestebod. Alma heldt da ut i åtte timar!