Ei omfattande bodrunde er over, og Killi-Olsen fekk tilslaget på 22 millionar kroner.

– Eg er djupt lykkeleg og rørt. Sandbu skal bli hovudheimen min i Noreg, eg planlegg å busetja meg i Vågå, seier Killi-Olsen i ei pressemelding frå Stiftelsen Kjell Holm.

Killi-Olsen er ikkje ukjent med å ta vare på og restaurere gamle hus. Han eig ein sted frå 1000-talet i Provence i Sør-Frankrike.

– Sandbu vil bli ein heim og ein arbeidsstad. Fyrste steg etter at eg tek over, blir å få vurdert korleis eg kan få bygt og innreia eit atelier, seier Killi-Olsen.