Ein liten kveldstur til Tesse tysdag kveld baud på eit triveleg møte langs vegen mellom Tesseosen og Brimi fjellstugu.

For der i vegkanten låg tre reinsbukkar som slettes ikkje ville forstyrrast av ein ivrig fotograf.

Reis døkk opp og still døkk i positur, tenkte fotografen, oppteken av komposisjon av bilete.

Og ein moderne naturfotograf tek sine fotografi frå bilsetet må vite.

Reinsbukkane vart liggjande. Dei tenkte vel heller: Kom att til hausten. Da har vi meir hovudpryd å syne fram.

Fotografen tok eitt bilete likevel.