Abumet «Silent treatment» har lege 91 veker på VG-lista. Berre Odd Børretzen med plåta «Noen ganger er det ålreit» har vore like lenge inn på denne lista.

Neste veke kan gruppa med skjåkværen Trond Bersu bli einslege om å vera lengst på denne lista.

Til avisa Dølen seier vinstraværen Øystein Skar at det heile er fantastisk.

– Dette var noko vi ikkje rekna med når vi laga albumet. Og så må vi takke folk og fans som høyrer på! seier ein glad Øystein Skar til Dølen.

Supergruppa skal i november ut på turne i Storbritania.