Snart er området ved gamle Bilkontoret i bruk at som busshaldeplass etter at denne vart flytta til Halland for over fire år sidan.

Vågå kommune kjøpte i mai 2013 tomta rundt Bilkontoret av Odd Kåre Haugøy og prosjektering av ein ny busshaldeplass vart sett i gang.

Sinclair Eiendom AS har kjøpt sjølve huset og tomta til Jutulbu der nye leilegheiter er bygd.

For å gje plass til oppstillingsplassar for bussar, er det gamle pakkhuset som stod inntil Bilkontoret rive.

Den nye busshaldeplassen skal gje plass til fem rutebussar, to parkeringsplassar for buss for Vågå Hotell, og parkeringsplass for reisande. Det skal setjast opp buss-skur for reisande.

Det er Skogen Entreprenør AS som har arbeidet med den nye busshaldeplassen som skal takast i bruk i slutten av oktober.

Jahn Skjerpingstad og Nils Aasheim frå Skogen Entreprenør set opp kantstein. Foto: ARVE DANIELSEN