Politiet i Ottadalen held torsdag fartskontroll på riksveg 15 i innkøyringa til Bergom frå aust.

Fem bilistar fekk forenkla førelegg for høg fart. Høgste hastigheit var 68 kilometer i timen i 50-sona.

Det kvalifiserte til eit utlegg frå lommeboka på 4.200 kroner.

I tillegg vart ein stoppa for bruk av mobiltelefon. Den samtalen kosta 1.300 kroner.