Annonse på www.fjuken.no?

Tilbake
Flåklypa i finvêr
For femtande året på rad vart veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix arrangert laurdag.
Saman med dei flotte bilane kom det ein godvêrsdag...

Utskriftsvennlig sideDato: 07.06.06
Skrevet av: Terje Randen  Publisert av: Terje Randen

flåklypa
Eldst: Sjølv om denne bilen er ein T-ford, 1912-modell, likna han ikkje lite på bilen som Ben Reddik Fy Fasan og sjåfør Emanuel Desperados brukte i Flåklypa Grand Prix- filmen. Den gullforgylte radiatoren er til og med på plass. Eigar av Ford T, Mother in Law er valdresen Jon Magnus Hjelle.
Med godt over 300 doningar av ymse slag, lastebilar, bussar, mopedar, motorsyklar, feite amerikanske dollarglis og meir nøkterne europeiske småbilar som Fiat og Morris er det underhaldning av høg klasse å vere tilstades under det største veteranbilløpet som blir arrangert i Noreg. Med start og mål på Nordal i Lom la doningane ut på ein rundtur i bygdene våre som i høve dagen hadde teke på seg ei godvêrsdrakt vi ikkje har vore bortskjemte med den siste tida. Rundt om i løypa, frå Bergom oppover solsidevegen til Flåklypa, vidare til Galdesand og Liasandane, attende til Lom og nordover til matstopp på Skjåkheimen i Skjåk, hadde bygdafolket ordna seg til med fluktstolar, hagebord og kaffe på termos langs vegen. Med årets nye vri, der halvdelen av doningane køyrde fyrst til Bøverdalen, medan dei andre køyrde fyrst til Skjåk, unngjekk arrangøren dei lange køene ved postane undervegs, samstundes som det rak veterankøyrety etter vegane heile laurdag. Dette er så absolutt ein vri som både arrangør, publikum og deltakarar bør være nøgde med.
Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003