Kommunestyra i Lom og Skjåk har vedteke at alternativet Lom og Skjåk som ein kommune skal greiast ut. Det er nå gjort. Det er utarbeidd ein tjukk rapport med fordelar, ulemper og konkrete forslag til korleis ein felles kommune skal organiserast.

Eit eventuelt vedtak om samanslåing skal etter planen gå føre seg våren 2016 og ein eventuell ny kommune vil da kunne vera etablert frå 1. januar 2020. Dei to formannskapa, supplert med tilsetterepresentantar og ungdomsrådsrepresentantar, har vore styringsgruppe for arbeidet. Seks arbeidsgrupper har skrive kvar sin rapport om kvar sine tema.

Les om synspunkt, tilrådingar og konklusjonar frå kvar enkelt gruppe i papiravisa.