Den rusta stålveggen vart sett opp av Statens vegvesen i 1997. Veggen skulle etter planen fungere som eit startpunkt for Nasjonal Turistveg, fylkesveg 55 - Sognefjellsvegen.

– Stålveggen vart eigentleg aldri ferdig. Det skulle vera tak på veggen, men dette vart aldri gjort. Eg har registrert at stålveggen har vore mykje diskutert lokalt. Det har vore delte meiningar internt òg, vedgår Werner Harstad i Statens vegvesen. Han fortel at veggen truleg hadde fungert betre i meir nakne omgjevnader enn nede i bygda, der det er så mykje informasjon og liv og røre frå før.

Werner Harstad fortel at Statens vegvesen går meir og meir bort frå å informere via daudt materiale.

– Ligg det føre planar om å setje opp ein ny installasjon på kyrkjevollen?

– Nei, vi har ikkje planar om noko nytt der. Vi ser heller på andre moglegheiter til god informasjon langs vegen, til dømes i samband med nye Sognefjellshytta. Det er eit svært godt utgangspunkt for å møte publikum, og der er det òg folk på staden som kan formidle informasjon direkte. Det ser vi på som mykje betre og enklare enn å formidle informasjon via installasjonar som til dømes stålveggen på kyrkjevollen, svarar Werner Harstad.

Somme turistar har brukt stålveggen som pissoar, og fleire har av den grunn klaga på urinstank i området. Foto: ARVE DANIELSEN