Senterpartiet fekk 58 prosent av røystene i Skjåk, Arbeidarpartiet fekk 42.

Senterpartiet har ikkje vurdert å gje varaordførarvervet til Arbeidarpartiet.

– Det var aldri aktuelt, stadfestar Per Lars Lien. Han fortel at dei nå har lagt det meste av puslespelet. Elias Sperstad (ordførar), Per Lars Lien (varaordførar) og Edel Kveen skal representere Skjåk senterparti i formannskapet.

– Eg vart nummer fire på den endelege vallista, men får vervet som varaordførar likevel. Det er fordi nummer to, Sevald Sperstad, ikkje ynskte å sitje i formannskapet. Han ville mykje heller vera leiar i utvalet for miljø og næring. Det ynsket har partiet imøtekome. Nummer tre på vallista, Edel Kveen, hadde heller ikkje noko ynskje om å vera varaordførar. Dermed var det eg som fekk det vervet, som nummer fire på lista, fortel Per Lars Lien.

– Gler du deg?

– Vi gler oss alle saman. Det er mykje å gripe fatt i og mange tunge saker som ventar, svarar Skjåks nye varaordførar.

Det konstituerande kommunestyremøtet skal vera den 29. oktober.