Klubben hadde ikkje lagt opp til ei seriøs og alvorleg kjemping om poenga. Det var rett og slett godt humør som stod i høgsetet.

– Det viktigaste er å ha det sosialt og artig, sa Are Flaten da han ynskte deltakarane vel møtt. Klubben spanderte bollar, brus og kaffi til alle som kom.

Det blir stadig fleire som oppdagar den spennande sporten diskgolv. Dette er ein aktivitet som passar alle, små og store - eit sosialt spel med mykje moro.

Om lag 20 personar var med i sundagens «Flåklypa open», og somme av dei prøvde aktiviteten for aller fyrste gong.