Det er fotballgruppa i Lom IL som er arrangør.

Ungane, som er i alderen frå andre til og med femte klasse, skal spele i alt 50 kampar. Årets deltakarar er frå Lom, Skjåk, Vågå, Otta, Heidal og Hafslo.

Fotballgruppa i Lom IL har lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få gjennomført turneringa. Dei opplyser at dei, takka vera velviljuge sponsorarar, har gjort det gratis for alle lag å vera med. I tillegg får alle spelarane eit sunt måltid gratis og kvar sin fotball i premie. Det er truleg ikkje mange idrettslag som kan slå i bordet med liknande tilbod!