Den nye Sognefjellshytta er eit spleiselag mellom Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune og Sognefjellshytta AS.

Nybygget er ein konstruksjon i limtre og glas, med eit mønster av trekantar som spreier ljoset inn i rommet. Det gode samarbeidet mellom aktørane - og det flotte sluttresultatet - vart poengtert av alle som tok ordet under opninga.

Råmund Mundhjeld, dagleg leiar på Sognefjellshytta, smilte som ei sol da det heile var over.

– Dette er ein stor dag! Prosjektet har vore langvarig, men nå er vi endeleg i mål. Eg er svært nøgd med resultatet og eg er så glad for måten det har skjedd på. Her har private og offentlege aktørar spelt på same lag. Eg vil gjerne nytte høvet til å takke Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, Lom kommune, arkitektane, entreprenørane, alle som har gjort sitt for at vi sit att med dette fantastiske resultatet. Det kunne ikkje vore betre!

Det var fylkesordførar Gro Lundby som erklærte nye Sognefjellshytta for offisielt opna. Ho slo fast at nybygget vil få stor meirverdi for mange.

– Dette er resultatet av eit godt, fruktbart samarbeid mellom fleire aktørar. Vi har fått ein ny attraksjon i Oppland, og det treng vi, sa Lundby.

Julie Garmo syrgde for vakker song før opninga. Etterpå var det Lomsk som entra scena. Foto: VIGDIS KROKEN