NLG arbeider for å fremje jordbruket og tilbyr rådgjeving innan blant anna agronomi, økonomi og økologi.

Det heiter i saksutgreiinga at dei kommunale tilskota er med på å halde oppe eit lavterskeltilbod til gardbrukarane, og at det er særleg godt for nyoppstarta brukarar å ha ein slik organisasjon å støtte seg på.

Tilrådinga frå rådmannen var å seie ja til søknaden, og at pengane skulle takast frå næringsfondet. Det siste tykte ikkje Arild de Presno (Bygdalista) noko om.

– Eg vil av prinsipp ikkje gå med på at løyvinga blir teke frå næringsfondet, for dette er vel eit årleg tilskot, sa han.

Ordførar Rolv Kristen Øygard bad formannskapet røyste over saka.

– Dei som er samde med rådmannen si innstilling, sit i ro, dei som vil røyste mot syner det ved å vise stemmeteikn, sa han.

Da han såg opp, var det tre politikarar som sat med handa i vêret.

– Å nei, nå forsømde eg meg, sa den eine av dei.

– Eg skulle ha foreslege å ta pengane frå ein anna konto enn frå næringsfondet, for eigentleg ville eg ikkje røyste mot.

– Nå blir det vel opp til administrasjonen å finne ein anna konto å ta pengane frå, tykte Arild de Presno.

– Nei, nå har formannskapet røysta mot. Innstillinga frå rådmannen vart forkasta med tre mot to røyster. Vi blir med andre ord ikkje med på å støtte landbruket. Eg er voldsomt forundra, sa ordføraren.