Onsdag kveld sette Vågå Arbeidarparti og Bygdalista seg ved forhandlingsbordet med mål om å inngå valteknisk samarbeid. Ved 22.30-tida var avtalen signert av Sverre Damstuen, leiar i Vågå Ap og Ivar Valdvik, leiar i Bygdalista.

Siger

Både Damstuen og Valdvik framhevar at det har vore gode forhandlingar, og dei er nøgde med resultatet.

– Vi sa at det var ein siger for Bygdalista at Arbeidarpartiet mista fleirtalet, men vi hadde aldri drøymt om at vi skulle koma i ein slik posisjon, seier Ivar Valdvik. Leiaren i Bygdalista seier at partiet fekk gjennomslag for mange viktige punkt i avtalen.

Flyplass

Viktige politiske saker som Arbeidarpartiet og Bygdalista har vorte samde om:

- innfri eineromsgaranti på Vågåheimen innan 1. juli 2018

- halde dørar opne for nabokommunar som ynskjer å vere med i prosessen og arbeide for ein større kommune enn Vågå og Sel

- arbeide for å få fleirtalsvedtak i kommunestyre for viktige prioriteringar som riksveg 15, heilårsopen veg over Valdresflye og flyplass.

- halde eigedomsskatten på dagens nivå i perioden 2015-2019

- halde talet på mottak av flyktningar på eitt nivå som gjer at vi kan drive god integrering av dei som blir busett i Vågå kommune.

Posisjonar

Når det gjeld fordeling av posisjonar, seier Sverre Damstuen at det var viktig for Arbeidarpartiet at Iselin Jonassen held fram som ordførar og at ho får fortsetje med det gode arbeidet ho er i gang med.

– Vågå Arbeidarparti er største partiet i kommunen, seier Damstuen.

Svein Blankenborg frå Bygdalista blir varaordførar.

Når det gjeld dei to hovudutvala, skal kvart parti ha minimum to representantar. Bygdalista får leiaren i båe utvala; teknisk, landbruk og naturforvaltning, og oppvekst, kultur og omsorg.

For Arbeidarpartiet var det viktig å få leiaren av fjellstyret.

Gruppemøte

Når det gjeld samarbeidsform, skal det vere felles gruppemøte i forkant av kommunestyremøte, fellesmøte mellom medlemmene i båe parti i prinsipielt viktige saker, felles budsjett og økonomiplanarbeid og framlegg til forslag.