Diktardagane går føre seg fyrstkomande helg, frå 4. til 6. september. Dei ulike arrangementa blir spreidd rundt i Lom, Skjåk og Vågå. Utstillinga blir å finne i Utgard.

Runaug Venås er opprinneleg frå Garmo i Lom og bur no i Telemark. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo.

Motiva i bileta hennar er abstraherte landskap som fortel om natur i endring. Ho skildrar ofte ei mørk og kontrastfull verd, tidlaus, der fortid og framtid flyt saman. Venås ynskjer å skildre noko av menneskesinnet gjennom stemningane i bileta sine.

– Årets Diktardagar kan by på fleire spennande namn. Lyrikken får brei plass, fortel Torunn Kjøk, dagleg leiar i Diktardagar SA. Foto: VIGDIS KROKEN