– Interessa er mykje større enn det vi har rekna med, vedgår eigedomsmeklar Camilla Nygård.

Laurdag vann ho ikkje meir enn å ta i mot interessentar som ville sjå nærare på bygget, eit bygg som før var bank, men som nå fungerer som kyrkjelydshus. Det er Lom kyrkjelege fellesråd som eig bygget, medan det er Lom kommune som eig tomta.

Bygget vart sett opp i 1937 og består av to utleigeleilegheiter og forsamlingshus med diverse tilhøyrande rom. «Utropsprisen» er på 1,4 millionar kroner.

– Eg har fått svært mange telefonar, ikkje berre frå ottadølar, men frå folk utanfrå, opplyste eigedomsmeklar Camilla Nygård.