Før ordføraren klipte snora, hadde hotelleigar Suat Catagøl nytta høvet til å takke dei som har stått på for å få planane om treningssenter i mål.

– Takk til Vågå kommune for innsatsen og for tilskot, takk til Sparebank1 Lom og Skjåk for sponsorbidrag og mange takk til pådrivar Kjell Petter Syvergård for ein fantastisk innsats heile vegen, sa Catagøl.

Ordførar Iselin Jonassen uttrykte håp om at treningssenteret skal lyfte folkehelsa i Vågå.

– Eg har tru på at senteret skal bli driftsmessig berekraftig over tid. Dette er eit topp moderne treningssenter, med utstyr som er heilt «up to date» og godt kvalifiserte trenarar, sa Jonassen.

Det er ingen tvil om at treningssenteret har fått ein god start. Etter den offisielle opninga fortalde Suat Catagøl at dei har fått 110 årsmedlemsskap. Det er dobbelt så mange som han har rekna med på dette tidspunktet.

– Det er jo ikkje før nå vi startar opp, veit du. Heretter kjem medlemsskapa til å renne inn, får vi tru.

– Kva er målet?

– Målet er å passere 200 medlemar i løpet av oktober, og at vi på sikt får om lag 350 årsmedlemsskap. Dersom vi greier det, får vi det til å gå rundt på ein god måte. Eg meiner målet absolutt er oppnåeleg. Vi har iallfall fått ein svært god start, sa ein tydeleg nøgd Catagøl.

Ordførar Iselin Jonassen overrekte dagleg leiar Daiva Mitkute blomar og gratulasjonar. Foto: VIGDIS KROKEN