Lomværane har i alt fire lister å velja mellom: Arbeidarpartiet, Bygdalista, Senterpartiet og Lomslista.

Representantar frå alle partia, med unnatak av Lomslista, gjer det dei kan for å «kapre» potensielle veljarar i Lom sentrum laurdag. Lokalpolitikarane fortel om bra trafikk og mange engasjerte lomværar.

– Vi har fått spørsmål om alt frå rovdyrpolitikk, kommunestruktur, barnehagetilbod, helsestasjon og flyplass, oppsummerer politikarane.

Det går mot eit spennande val i Lom, kanskje nettopp fordi det er så mange lister å velja mellom.

Frå Lom ungdomsskule blir det rapportert at dei har arbeidd med val ved skulen dei siste vekene. Nå har dei hatt skuleval, der 81 elevar deltok. Resultatet vart dette: Senterpartiet 48 prosent, Arbeidarpartiet 17 prosent, Lomslista 15 prosent og Bygdalista 15 prosent. 5 prosent røysta blankt.