Skjåkheimen har 35 institusjonsplassar, men i sommar har belegget vore på berre 27, som til og med er inkludert nokre pasientar frå ei anna kommune.

– Skjåk kommune har hittil i år opplevd å ha relativt stor, ledig kapasitet på Skjåkheimen. Samstundes er ikkje presset i heimetenestene spesielt stort, og sjukefråveret er lågt. Skjåkheimen har ei fast grunnbemanning som ikkje let seg ta ned «over natta». Det betyr at institusjonen har overbemanning, som nå må innrettast etter behovet ved å sjå på bemannings- og arbeidsplanar. På den andre sida har Skjåkheimen spara betydeleg på vikar- og ekstrahjelpbudsjettet, skriv rådmann Svein Holen i ei orientering til kommunestyret.

Frå 2010, etter at samhandlingsreforma vart igangsett, har det ofte vore overbelegg på Skjåkheimen. At talet har gått så mykje ned i 2015, meiner rådmannen skuldast demografi (stabilt antal eldre over 80 år), god utnytting av sengene ved Nord-Gudbrandsdalen medisinske senter og at Skjåk kommune har gjort gode faglege og politiske vegval i eldreomsorga.

Det er vanskeleg å stipulere kor lenge underforbruket av eigne sjukeheimsplassar vil vare. Det er svært sannsynleg, meiner rådmannen, at SSB si framskriving av folketalet vil treffe bra når det gjeld aldersgruppa 80 pluss. I så tilfelle vil talet bli stabilt i fire-fem år til, før det kjem ein auke.

– Denne gunstige situasjonen må nyttast til å ha enda meir merksemd på omstilling. Eit grep er ombyggingsprosjektet på Skjåkheimen, der midlar til forprosjekt ligg inne i gjeldande økonomiplan. Å førebu seg på å møte aukande behov for korttids-, avlastnings- og rehabilitetsplassar er ein viktig del av denne omstillinga. Prosjektet inneber også ei naudsynt satsing på kompetanseheving blant personalet, noko som vil vera gunstig å gjennomføre i desse «rolege åra», meiner rådmannen, som peikar på at eit tredje viktig tiltak for omstilling vil vera utprøving av omsorgsteknologi i heimestenestene.

Rådmannen vil ikkje anbefale stillingsreduksjonar i form av oppseiingar eller permitteringar av fast tilsette.

– Det er likevel naturleg å vurdere forlenging av vikariat som følgje av endring i bemannings- og arbeidsplanar. Samstundes vil det i utgangspunktet ikkje bli tilsett nye i faste stillingar som blir ledige ved naturleg avgang eller permisjonar, skriv rådmannen.