Jettfjellet er eit populært område å gå tur i. Frå Jettjønn går det stig til Jettsetra. Langs med denne stigen går ein forbi ei steinrøys som har si spesielle historie. Ved røysa har Kjell Andersen sett opp eit skilt som fortel historia om kva som skjedde på denne staden for over 150 år sidan.

Historia fortel at Kari Jakobsdotter Kirstihagen døydde på denne staden på nordsida av Jettjønn den 1. mai 1863. Det utvikla seg etter kvart ein skikk med å leggje ein stein på denne staden når ein gjekk forbi på tur til og frå Jettsetra. Med åra har det etter kvart vorte ei stor minnerøys etter Kari Jakobsdotter Kirstihagen.

På skiltet ved røysa står det at Kari Jakobsdotter Kirstihagen vart 70 år gamal og vart gravlagt på kyrkjegarden i Vågå den 7. mai same året. Kari tente til opphald i livet gjennom å spinne for folk rundt på gardane, og ho var på tur frå Dovre over til Vågå for å besøkje dottera si då ho døydde her denne maidagen 1863. Kari var fødd den 3. desember 1793 på Øvre Hågåvolden på Dovre, og døypt på Lesja den 8. desember same året. Ho vart gift den 29. desember 1821 med Johannes Iversen Nedre Kirstihagen, og dei tok over plassen Kirstihagen på Lesja. Dei hadde tre barn.

Ein tur langs med Jettjønn er flott å gå, anten som sundagstur eller som eftastur. Ta vegen frå Vågåmo sentrum og følg skiltinga til Blåhø. Jettjønn ligg idyllisk til ved vegen. God tur.

Jettjønn er ein idyll og eit populært turområde. Foto: ARVE DANIELSEN