Bygdelistene i Vågå og Lom inviterte tysdag 25. august til folkemøte om kommunereform på Fossberg hotell i Lom. Alle politiske parti i Vågå, Lom og Skjåk var invitert til møtet for å fortelje kva dei meiner om kommunereform.

Nå har alle dei andre partia i dei tre kommunane takka nei til å delta.

– Dette er eit møte som dei to bygdalistene har den fulle regien på og dei andre partia/listene som stiller til val i desse tre bygdene har ikkje vore involvert i planlegging og fastsetting av dato. Det er lite gunstig og ikkje demokratisk av bygdelistene og gjennomføre eit møte der 3 av 4 listetoppar frå Lom varsla umiddelbart at datoen ikkje passa for dei. Det er og slik at fleire av dei andre listetoppane hadde andre oppgåver denne kvelden. Planlegging og gjennomføring av slike debattmøter krev inkludering og involvering i tide, slik at alle har ei reell moglegheit til å delta. Eit godt planlagt debattmøte med deltaking frå alle tre kommunane ville vore svært interessant og initiativet frå bygdalistene er bra, men denne gongen vil vi alle takke nei til å delta, skriv Bjarne Eiolf Holø i eit brev som er sendt bygdalistene i Vågå og Lom.

Brevet er underskrive av Mette Vårdal - Vågå SP, Iselin Jonassen - Vågå AP, Anne Sjetne - Vågå SV, Elias Sperstad - Skjåk SP, Odd Joar Ramstad - Skjåk AP, Eilev Hellekveen - Lomslista, Anne-Lise Marstein - Lom AP og Bjarne Eiolf Holø - Lom SP.