Det var like etter klokka 23.00 at det vart meldt om brann i skogen like ved Dønfoss camping.

Mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen fekk sløkt brannen.

Det er uvisst korleis brannen starta. I følgje operasjonssentralen ved Gudbrandsdal politidistrikt, skal vitne ha reagert på oppførselen til ein person som oppheldt seg i nærleiken.

Personen, ein russar, vart teken med til lensmannskontoret for sjekk. Han nekta all kjennskap til brannen og teltutstyr som var plassert i eit buss-skur ved Dønfoss. Han vart seinare på natta slept fri av politiet.

Skogområdet ved Dønfoss camping som vart svidd av i brannen. Foto: TERJE RANDEN