Mange drøymer om å få ein telefon frå Norsk Tipping på Hamar. Nå har du sjansen.

Norsk Tipping har sett sett i gang konkurransen «Telefon frå Hamar». Mellom 17. og 31. august vil dei ringe ein av dei verna telefonkioskane i Norge.

Det finst framleis 98 gamle telefonkioskar her i landet. Ein av dei står i Lom. Elles i Gudbrandsdalen står det telefonkiosk på Otta og Vinstra.

Den som svarar når Norsk Tipping ringer ein telefonkiosk ein stad i Norge, vinn 1 million kroner.

Telefonkiosken i Lom som står inntil lensmannskontoret. Skulle du stå i nærleiken og høyrer at det ringer, skund deg å ta telefonen. Det kan lønne seg.

Norsk Tipping vil la det ringe i eitt minutt. Dersom ingen svarer, vil ein ringe neste telefonkiosk på lista.

Aldersgrensa for å delta er 18 år.

Da denne saka vart lagt ut fredag, var dette tida som var att før konkurransen startar: 2 dagar, 23 timar, 09 minutt, 34 sekund, 33 - 32 - 31 - …