Nå mobiliserer ordføraren i Lom og vil ha med seg kollegaer i Gudbrandsdalen, Valdres, Østerdalen og naboordførarane på Vestlandet, samt representantar for beitenæringa til ein felles kamp mot staten.

Ein trugsel

– Dagens rovviltforvaltning er ein trugsel både for landbruksnæringa, reiselivsnæringa og for verneformåla i våre nasjonalparkar. Dette kan vi ikkje lengre finne oss i. Dersom staten ved regjeringa ikkje tek dei nødvendige grepa for å få kontroll med rovviltforvaltninga og sikre at store naturressursar i form av utmarksbeite kan nyttast av husdyr, meiner eg at vi må gå til søksmål mot staten for å ha teke frå oss desse ressursane. Utan eit aktivt beitebruk vil verdifulle og attraktive område gro att og kulturlandskapet både i og utanfor våre nasjonalparkar vil bli borte for alltid, seier Bjarne Eiolf Holø.

Og reaksjonane frå ordførarkollegar let ikkje vente på seg. Ordføraren i Trysil var den fyrste som meldte attende og som rustar seg til kamp.

Latterleggjering

Bjarne Eiolf Holø viser til at det i Vågå, Lom og Skjåk nå går føre seg eit forsøk på skadefelling av jerv.

– Rovviltnemnda og kommunane gjer så godt dei kan, men blir møtt med ein kald skulder og alt for lite midlar frå staten til naudsynt skadefelling. Med ei tilsegn om berre 20.000 kroner i lønn til jegerar blir det ikkje rare jakta. Så lenge vi ikkje får sett inn støytet med 20-30 jegerar med ein gong, går jegerane trøytte, seier Holø.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø kallar dette for ei latterleggjering av lokale jegerar og beiterbrukarar. Han meiner at ei slik jakt på sommarføre med så lite ressursar er berre eit spel for galleriet.

Saman med andre ordførarar vil Holø nå krevje at staten går inn med SNO og nødvendig utstyr for at skadedyra vert teke ut.

– Om beitebruken blir borte blir ikkje områda våre attraktive for til dømes reiselivet. Vi kan snart setje i ei grind nord for Lillehammer slik at det gror att alt saman, seier han kvasst.

Søksmål

Ordføraren i Lom trugar med å saksøke staten om ein ikkje blir teke på alvor.

– Er eit søksmål mot staten eit verkemiddel du fryktar døkk må ta i bruk?

– Ja faktisk. Vi har fått lovnad på lovnad om at ting skulle bli betre. I staden har ting forverra seg. Det er uakseptabelt at staten med sin rovviltforvaltning sett eigedomsretten og beiteretten til side når dei opprettar prioriterte leve- og yngleområde for våre store rovdyr i viktige beiteområde som har vore forvalta av beitebrukarar i fleire hundre år, seier Bjarne Eiolf Holø.

– Ein må ta ut skadedyra der dei gjer skade, seier Bjarne Eiolf Holø. Foto: ARVE DANIELSEN