Laurdag kveld var det god stemning og bra med folk på Storøya. Det er fredagen som er utfordringa for den trivelege og intime festivalen.

Fredag er det 15-års aldersgrense for å koma inn. Ein skulle tru at mange unge ville teke seg ein tur, for det blir ofte sagt det ikkje skjer noko for denne aldersgruppa. Ungdom var samla ulike stader rundt festivalområdet, men få betalte inngangspengane.

– Vi hadde håpa og trudd det ville kome fleire fredag. Vi må vurdere heile festivalen når det er slik, seier arrangørane Grethe Vigdis Berg og Ole Johnny Runningen. Vi kan ikkje leggje ned så mykje pengar og arbeid for berre èin kveld. Da blir det heller ikkje nokon festival, berre ein vanleg fest, legg Runningen til.

Storøyafestivalen kunne som vanleg by på kvek og god festmusikk, og laurdag kveld var det bra med folk i det trivelege festivalområdet.

«Lokale» grupper som G-35 og Free Beer skapte god stemning, men det var Vømmølgutan som var det store plakatnamnet laurdag.

Rockabillygruppa Bullet Proof som spelte tidleg både fredag og laurdag var det altfor få som høyrte.