Landskappleiken går føre seg på Fagernes.

– Vi er jælma glade! Eg må vedgå at vi er litt overraska òg, oppsummerer ein blid Bjørn Kåre Odde, leiar i Lom spelmannslag.

Det er Gudbrandsdølene spelmannslag som har vunne landskappleiken dei siste åra. Dei fem siste, faktisk. Derfor forventa dei fleste at dei skulle kapre fyrsteplassen på nytt. Det gjorde dei ikkje. Det syrgde Lom spelmannslag for.

– Det var på tide at vi tok ein ny siger til Lom. Den siste fyrsteplassen vi tok som lag, før sigersrekkja til Gudbrandsdølene spelmannslag, var i 2009, fortel Bjørn Kåre.

– Kvifor vann Lom denne gongen, trur du?

– Vi greidde å kose oss og slappe av på scena. Vi var godt førebudde og hadde spelt oss godt opp i forkant av konkurransen.

– Har det vore stor feiring i natt?

– Vi spelte til dans rett etterpå, faktisk, så vi kunne ikkje ta heilt av. Men du veit…litt feiring vart det, jo, ler Bjørn Kåre, som tykkjer det er ekstra artig at Lom greidde å kapre fyrsteplassen rett i forkant av Landsfestivalen. Denne skal som kjend gå føre seg  i Lom frå 5. til 8. august.

Lom spelmannslag fotografert rett etter at sigeren var eit faktum. Foto: PER TOMAS S. KJÆRVIK