Bygdalista legg ikkje skjul på at dei ynskjer å samle heile Nord-Gudbrandsdalen til eitt rike.

– Det er på tide å tenkje i nye baner, i håp om å snu den negative trenden både når det gjeld arbeidsplassar, folketalsutvikling og alderssamansetjing, seier Ivar Valdvik, leiar i partiet.

– Dersom Lesja og Dovre ikkje vil vera med, eller finn si eiga løysing, går vi for Lom, Skjåk, Vågå og Sel som ein kommune. Økonomisk, kulturelt og geografisk passar vi saman som ei eining. Vi er ein arbeidsmarknad, vi er eitt reiselivsprodukt. Dersom vi blir store nok, har vi òg gode sjansar til å få tilført oppgåver og arbeidsplassar frå storsamfunnet. Vi må hugse at det er eit stort fleirtal på stortinget som ynskjer endringar i kommunestrukturen, så endringar kan vi vera sikre på at det blir. Da må vi få handa på rattet og styre det sjølve, ikkje sitje på kvar vår krakk i kvar vår kommune i håp om at det går over, eller tenkje så smått at det nesten ikkje blir endringar i det heile tatt. Bygdalista i Vågå meiner det blir altfor smått dersom to og to kommunar går saman, slik det blir lagt opp til. Vi må vera offensive, sjå framover og tenkje nytt og offensivt og finne ei løysing som er berekraftig over tid, seier Valdvik.

Bygdalista i Vågå har i dag fire representantar i kommunestyret. Målet er å få inn fleire.

– Eitt av dei viktigaste måla våre er at Vågå Ap misser det reine fleirtalet dei sit med. Da blir dei pressa til å samarbeide om politiske saker og pressa til meir openheit. Det er eit svært viktig mål for oss at Ap ikkje får bestemme alt sjølve, slik dei har gjort i fleire tiår, seier Valdvik, som meiner Bygdalista i Vågå stiller ei svært god liste.

– Den beste vi nokon gong har hatt, etter mi meining, seier han.

– Bygdelister er som regel populistiske og tenkjer ikkje spesielt mykje på heilskapen…?

– Bygdalista i Vågå er ikkje eit parti som lovar gull og grøne skogar. Vi er eit seriøst parti som har eksistert i over 40 år. For fire år sidan gjekk vi til val på at Vågå kommune måtte oppfylle lovpålagde oppgåver og yte dei offentlege tenestene innbyggjarane har krav på. Vi var - og er - uroa over den økonomiske situasjonen Vågå kommune er i, med den store lånegjelda. Med andre ord: Vi går ikkje til val på populistiske saker, svarar Valdvik, og nyttar høvet til å uttrykkje frustrasjon over at fleire eldre vagværar, som har betalt skatt heile livet, ikkje får sjukeheimsplass i Vågå, men blir sendt ut av bygda.

– Dei blir sendt til Lom og delvis til Skjåk. Det er rett og slett trist. Det er mykje vi ynskjer å gjera noko med, dersom vi får tillit frå veljarane, seier Ivar Valdvik.