Agnes har guida på teiknspråk til Galdhøpiggen.

Ho har bestemor frå Skjåk, og er generelt svært glad i området og fjellheimen rundt Ottadalen.

– Frå eg var lita har eg vore på mange fjellturar saman med familien og eg har vorte godt kjent.

Som breførar og guide i fjellet har ho naturlegvis teke naudsynte kurs innan føring, sikring og tryggleik. Agnes er dessutan høgskuleutdanna innan idrett, friluftsliv og helse og ser for seg eit yrke innan interessefeltet sitt. At ho sjølv er døv er inga hindring korkje for utfordring eller vera svært aktiv i fjellet.

57 døve eller høyrselshemma har kome seg opp på Noregs høgaste fjell ved hjelp av tilbodet Agnes Stueflaten har hatt, i samarbeid med Jotunheimen Arrangement AS. I sommar har det vore arrangert fem turar til piggen.

– Med på turane var òg fleire høyrande, fortel Agnes. Dette var familie og vener av døve - som kan teiknspråk og fekk oppleva turen på dei døve sine premissar.

Turane vart fyrst og fremst arrangert for døve og høyrselshemma.

– Det er viktig at også døve kan få eit slikt tilbod, meiner Agnes. Er ein døv vil ein ikkje få med seg det ein høyrande og snakkande førar fortel og forklarar på turen.

Ho fortel at ho på turen over Styggebreen fortel turfylgjet om kva dei ser og andre historiar knytt til fjellet og omgjevnadane, og sjølvsagt om korleis ein skal te seg på ein bre.

– Dessutan kjenner deltakarane seg trygge og dei får ei god oppleving. Eg trur at mange døve ikkje er aktive fordi slike tilbod i høgfjellet ikkje er der for dei. Eg ynskjer å kunne utvide og utvikle tilbodet slik at fleire teiknspråkbrukarar kjem seg til topps - både på Galdhøpiggen og andre toppar i Jotunheimen og i fjellet elles, seier Agnes.

(Intervjuet vart gjennomført med hjelp av teiknspråktolk).

– Å vera døv er ikkje noko hinder for å utøve friluftsliv, meiner Agnes Stueflaten. Foto: Privat